RSS

Stikkordarkiv: nynorsk

Er bloggen ein levande tekst?

Eg har lyst til å skrive litt om korleis det går med blogginga i norskklassen min. Så langt har språkhistorie vore tema for alle innlegga. Dei første to døma (utsnitt) er frå oppgåva der vi først las ein tekst om Knud Knudsen, og dei fekk i oppgåve å ta tak i eit ord:

«Ordet purisme kjem frå det greske ordet purus, som betyr rein. Purisme innafor språk handlar om å reinse språket for framandord, og heller bruke nye avløysarord (…) I artikkelen «Knud Knudsen – riksmålets fader, bokmålets bestefar» av Einar Lundeby på språkrådets sider, vert Knud Knudsen kalla ein ivrig purist. I si tid gjorde han ein stor innsats for å reinse det norske språket, og kom med forslag til avløysarord til mange lånord i datidas norsk. Orda «hundreår», «ordskifte» og «bakstrev» er ord som Knudsen har kome med».

«Dei siste åra har blitt meir vanleg å skrive på dialekt når ein skriv meldingar til kvarandre. Då skriv ein rett frå talen. Dette gjer det lettare å skrive, ein kan berre skrive det ein seier. For å tekste lydrett med ein annan person, bør begge ha kunnskap til dialekten. Viss ikkje kan det oppstå mistydingar. Grunnen til at dialekt har blitt ein meir brukt skriveform er at dagens samfunn er prega av at alt skal gå fort. Ein har ikkje tid til å tenkje på rettskriving meir».

Begge desse to tekstane er fine innlegg, men det viser seg kanskje at det andre innlegget er lettare å kommentere: dei må ha noko meir enn «fint», «bra» å seie til kvarandre (dei vil jo helst berre vere snille!). Difor øvde vi òg faktisk på å gi kommentar. Eg ga dei tips til korleis dei kunne gjere dette:

1. Peik på noko som var interessant, og forklar kvifor

2. Still eit spørsmål

3. Gi tips med lenke til artiklar eller anna som kan vere av interesse

4. Ver ueining (men sakleg)

5. Utdjup

Her er nokre av svara dei kom med på det siste dømet:

«Eg meiner det er heilt greit og mer praktisk å skrive meldingar på dialekt og det går tross alt mykje fortare om ein skriv på dialekt»

«Du skriver at man skriver dialekt for at det skal gå fort, men gjør det nødvendigvis det? Hvis man er vant til å skrive bokmål, skriver man ikke det like raskt eller raskere?»

«Det er opp til kvar enkelt om ein syns det går fortast å skrive dialekt eller bokmål» (merk her at nynorsk ikkje var eit alternativ når det gjaldt å skrive raskt!)

«For å lese meir om temaet vil eg anbefale deg å gå inn på (døme på nettstaden, lenke) og sjå på Kari sitt innlegg om ortofoni!»

Tre elevar har dessutan skrive kommentarar på bloggen min, om kva for roller vi må ha med i språkdebatten.

(PS: Eg har sjølvsagt spurt dei om det er greitt at eg siterer dei litt på bloggen min)

By Ryan Bretag (CC)

 

Stikkord: , , ,

Døme på blogg-oppgåve

Det må eg berre få seie: denne bloggen tar ikkje omsyn til folk som ikkje kan skifte målform, eller eventuelt òg språk, med ujamne mellomrom. Eg skal vere heilt ærleg om årsaka: eg bryr meg ikkje alt for mykje om deg som lesar. Nei! Det eg bryr meg om, er elevane mine og læringa deira, og mi eiga utvikling som lektor i vidaregåande skule. Så får nøgde lesarar av bloggen berre vere ein bonus.

I morgon skal elevane på vg3 få skrive litt meir fagleg på bloggane sine. Dei har vore flinke til no, funne namn på dei, layout, skrive ein tekst eller tre om nynorsk, dialekt, språkhistorie. Sjå planen for desse vekene her. No må vi legge til nokre fleire krav, og det ser slik ut:

1. Vi les ein tekst om Knud Knudsen (diverre manglar eg artige opplysningar om skostorleik osb, observante lesarar må gjerne kome med innspel her). Denne teksten må elevane lenke opp til i teksten sin. Medan dei les høgt, kan eg skrive nokre ord på tavla frå denne teksten.

2. Dei plukkar ut eitt av orda, og skriv ein bloggtekst med utgangspunkt i det ordet. Dei må skrive noko om arbeidet til Knudsen, og noko som koplar ordet til språkhistoria på 1800-talet, men elles står dei fritt til å forme teksten og innhaldet slik dei sjølv vil.

3. Dernest må dei kommentere (innhaldet) i andre tekstar. Kanskje blir det i timen etter dette. Vi treng sikkert å øve litt på korleis vi kan skrive gode kommentarar. Kanskje vi må gjere det i lag først?

Kor lang skal teksten vere? Ja, kor lang skal han vere. Eg fektar mest truleg med hendene og lar svaret vere akkurat så presist som spørsmålet.

 

Stikkord: , ,

Språkåret som (nesten) gjekk norsklektoren hus forbi

Det er 1. januar 2014 og språkåret  2013 er omme. Som norsklektor har eg kjent på eit klamt, dårleg samvit omlag frå då eg oppdaga at det var språkår, sånn omtrent i mai i år. Dette burde eg sjølvsagt vite mykje om, og nytte i undervisninga mi. Då var eg sensor i norsk, og vart mint på at mitt eige kjønn har hatt stemmerett i 100 år. Vel og bra, det. Språkåret, derimot, verkar kanskje ikkje like slagkraftig i rikstabloidene, då det er knytt til feiringa av at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan Det norske Teatret opna. Det kan altså hende at appellen er størst blant spesielt interesserte. På nettsida til språkåret kan du mellom anna lese om måla for denne feiringa:


– Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen
– Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen
– Få fram meir kunnskap om, og skape større respekt for urfolksspråk, minoritetsspråk, innvandrarspråk og teiknspråk
– Setje den norske språksituasjonen inn i internasjonale og samanliknande perspektiv
– Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske aktørar med felles interesser på tvers av språkgrenser og etnisitet

Ikkje heilt uambisiøst. Eg veit ikkje om eg kan seie at eg har fått auka kompetanse på nokre av desse felta, men så er dei vel òg retta mot mange andre enn meg sjølv. Desse måla kan for ein norsklærar minne særs mykje om kompetansemål i norskfaget:

-gjøre rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk på 1800-tallet (vg2)

-gjøre rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk fra år 1900 til i dag (vg3) (sjå Udir.no)

Når eg har vore sensor i norsk munnleg, har eg ofte spurt litt om utviklinga av norsk skriftspråk, men som regel ender det med noko oppramsing av vedtak. Om du vil ha ei innføring i dette, kan du mellom anna lese kapittel 5 i Grip teksten (Aschehoug), eller du kan bruke ndla.no og søke på «språkhistorie». Eg fann mellom anna ei framstilling av språkdebatten på 1800-talet her. Du kan òg sjekke ut nettstaden til Allkunne, som har ei oversikt over språkhistorisk materiale, år for år.

Om ein tar seg tid til å sjå litt nærmare på språkdebatten då han starta på 1800-talet, la oss seie med at Ivar Aasen vart fødd i nettopp 1813, ser ein at når alt kjem til alt, handlar det om menneske. Både munnleg og skriftleg språk er knytt til identitet, til korleis ein ser verda, korleis ein samhandlar med andre. For skriftnasjonen Noreg har nynorsken stått heilt sentralt i identitetssskapinga.

Denne hausten har eg lese litt om Ivar Aasen, som vi altså ikkje kjem utanom. Are Kalvø slår fast at han ikkje ville bli observert på trikken med Ottar Grepstads biografi om Aasen, ei «nerdehistoriebok» (Dagens næringsliv 28.12.2013). Eg trur eigentleg at det var nettopp det han ville (du kan sjekke Kalvø sin tekst «Korleis kan vi bli kvitt bokmålet» og sjå om du er samd med meg).

Menneske, altså. Eg skal prøve å illustrere kva ein kan lære om ein les Historia om Ivar Aasen (Grepstad, Samlaget 2013), og har difor laga ei liste over ti ting eg ikkje visste  (at eg ville vite) om Ivar Aasen, med nokre sidetal frå boka i parentes:

1. Han var berre 161,5 cm høg (særs nøyaktig attgiven, altså). Snittet for unge menn kring 1840 skal ha vore 169 (74)

2. Ein har trudd (verkeleg?) at han hadde store føter, men eigentleg hadde han visst berre store filttøflar (75).

3. Han saumfarte ikkje halve Noreg til fots, sjølv om han òg gjekk ganske mykje. Han nytta mellom anna hestevogn, og bøndene hadde skyssplikt (mot betaling).

4. Han fekk nok av reisinga etter berre to år og 865 km. Etter dette reiste han 12000 km til (105). Han budde for det meste i Oslo som vaksen, og var slett ikkje så begeistra over alle dei folka han møtte på reisene sine.

5. Han gav ut 26 bøker, 13 småskrifter, 86 dikt og 105 artiklar medan han levde, og i tillegg kom det ut meir enn dette posthumt. Han skreiv òg dagbøker (188).

6. Sjølv eigde han minst 2800 bøker (194). Til samanlikning har eg og lektormannen min til saman om lag 800.

7. Eg visste vel at han aldri var gift. Men han hadde òg berre ein eller kanskje to kjærestar (her er kjelda noko usikker, og tydeleg ikkje særs oppteken av å grave i det som måtte vere av kjærleiksstoff eller intriger).

8. Han gjekk ofte på konsertar, mellom anna for å høyre Brahms Requiem, og det meir opplagte valet Myllarguten og Ole Bull i Logen 1849 (som diverre ikkje finst på Youtube) (132).

9. Årsaka til at vi gjerne ser for oss ein gamal mann, er at han ikkje vart fotografert i det heile før 1871. Då var han 58 år gamal.

10. Han røykte kvar dag, og fekk noko ein kalla «røykjebein». Mellom juni og desember 1894 kjøpte han 17 flasker akevitt. Eg veit ikkje kor stor desse flaskene var, og om han verkeleg drakk alt sjølv, men noko drikkfeldig må han ha blitt (137 og 141).

Diverre finst det altså berre bilete i svart-kvitt av ein gamal, litt innful type med smale auge. Men så kan vi prøve å hugse at storparten av arbeidet han gjorde for å kartlegge og systematisere norske dialektar gjorde han som ung mann, og med ein kjærast han ikkje fekk, verande att på heimplassen.

Aasen

 

 

 

 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 1. januar 2014 i norsk, skriveopplæring

 

Stikkord: , , , , ,

 
EN (forhenværende) REKTORS BEKJENNELSER

Refleksjoner om skole og utdanning

sprkprat.wordpress.com/

et populærvitenskapelig tidsskrift

Den digitale krukka

digitale hjelpemiddel i arbeid med elevar med store hjelpebehov

Digital profesjonsutvikling i engelskfaget

Praksiseksempler og refleksjoner

SPOTLIGHT

Undervisningstips jeg vil ta vare på

holyvolt

Oss i mellom, relasjoner og holdninger til hverandre

Using Civilization IV for Learning

Our experiences using the Civilization IV computer game to teach English, Norwegian and Social Science.

The digital classroom, transforming the way we learn

Articles and "Free lesson plans on the go"

Thinking Out Loud

exploring connected learning

Magnushs's Blog

Jeg skal bare si én ting, også lover jeg å holde kjeft. Ok?

Lena's (soon to be) digital classroom

A teacher/student's path towards digital competence in English

NPL-systrene

Det er viktig å satsa litt

annkir

Hvordan bli smartere med smart læring

mylifeasacynicalteacher

Some of thoughts on Education and the vagaries of politicians and managers.

skulebloggen

mine tankar om skule og framtid

Lektor Thomas

Realfagsundervisning og digitale tjenester

En høyskolelærers bekjennelser

Tor Haugnes betraktninger og gjøremål i bestrebelsene med å inspirere flest mulig studenter til å tilegne seg kunnskap om dagens samfunn!

Forskningsmiljøet norsk sakprosa

Nyhetsside for norsk sakprosaforskning