RSS

Er bloggen ein levande tekst?

13 jan

Eg har lyst til å skrive litt om korleis det går med blogginga i norskklassen min. Så langt har språkhistorie vore tema for alle innlegga. Dei første to døma (utsnitt) er frå oppgåva der vi først las ein tekst om Knud Knudsen, og dei fekk i oppgåve å ta tak i eit ord:

«Ordet purisme kjem frå det greske ordet purus, som betyr rein. Purisme innafor språk handlar om å reinse språket for framandord, og heller bruke nye avløysarord (…) I artikkelen «Knud Knudsen – riksmålets fader, bokmålets bestefar» av Einar Lundeby på språkrådets sider, vert Knud Knudsen kalla ein ivrig purist. I si tid gjorde han ein stor innsats for å reinse det norske språket, og kom med forslag til avløysarord til mange lånord i datidas norsk. Orda «hundreår», «ordskifte» og «bakstrev» er ord som Knudsen har kome med».

«Dei siste åra har blitt meir vanleg å skrive på dialekt når ein skriv meldingar til kvarandre. Då skriv ein rett frå talen. Dette gjer det lettare å skrive, ein kan berre skrive det ein seier. For å tekste lydrett med ein annan person, bør begge ha kunnskap til dialekten. Viss ikkje kan det oppstå mistydingar. Grunnen til at dialekt har blitt ein meir brukt skriveform er at dagens samfunn er prega av at alt skal gå fort. Ein har ikkje tid til å tenkje på rettskriving meir».

Begge desse to tekstane er fine innlegg, men det viser seg kanskje at det andre innlegget er lettare å kommentere: dei må ha noko meir enn «fint», «bra» å seie til kvarandre (dei vil jo helst berre vere snille!). Difor øvde vi òg faktisk på å gi kommentar. Eg ga dei tips til korleis dei kunne gjere dette:

1. Peik på noko som var interessant, og forklar kvifor

2. Still eit spørsmål

3. Gi tips med lenke til artiklar eller anna som kan vere av interesse

4. Ver ueining (men sakleg)

5. Utdjup

Her er nokre av svara dei kom med på det siste dømet:

«Eg meiner det er heilt greit og mer praktisk å skrive meldingar på dialekt og det går tross alt mykje fortare om ein skriv på dialekt»

«Du skriver at man skriver dialekt for at det skal gå fort, men gjør det nødvendigvis det? Hvis man er vant til å skrive bokmål, skriver man ikke det like raskt eller raskere?»

«Det er opp til kvar enkelt om ein syns det går fortast å skrive dialekt eller bokmål» (merk her at nynorsk ikkje var eit alternativ når det gjaldt å skrive raskt!)

«For å lese meir om temaet vil eg anbefale deg å gå inn på (døme på nettstaden, lenke) og sjå på Kari sitt innlegg om ortofoni!»

Tre elevar har dessutan skrive kommentarar på bloggen min, om kva for roller vi må ha med i språkdebatten.

(PS: Eg har sjølvsagt spurt dei om det er greitt at eg siterer dei litt på bloggen min)

By Ryan Bretag (CC)

Reklamer
 

Stikkord: , , ,

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

 
[Ragnspill]

Én blogg, én gamer, mange unyttige tanker

EN REKTORS BEKJENNELSER

Refleksjoner om skole og utdanning

Den digitale krukka

digitale hjelpemiddel i arbeid med elevar med store hjelpebehov

Digital profesjonsutvikling i engelskfaget

Praksiseksempler og refleksjoner

SPOTLIGHT

Undervisningstips jeg vil ta vare på

holyvolt

Oss i mellom, relasjoner og holdninger til hverandre

Using Civilization IV for Learning

Our experiences using the Civilization IV computer game to teach English, Norwegian and Social Science.

Connected Teaching and Learning

Education, lesson plans, technology

Thinking Out Loud

exploring connected learning

Magnushs's Blog

Jeg skal bare si én ting, også lover jeg å holde kjeft. Ok?

Lena's (soon to be) digital classroom

A teacher/student's path towards digital competence in English

NPL-systrene

Det er viktig å satsa litt

annkir

Hvordan bli smartere med smart læring

mylifeasacynicalteacher

Some of thoughts on Education and the vagaries of politicians and managers.

skulebloggen

mine tankar om skule og framtid

Lektorthomas

Realfagsundervisning og digitale tjenester

En høyskolelærers bekjennelser

Tor Haugnes betraktninger og gjøremål i bestrebelsene med å inspirere flest mulig studenter til å tilegne seg kunnskap om dagens samfunn!

%d bloggere like this: