RSS

Digital studieteknikk: samtale om Diigo med ein kollega.

25 Feb

diigoTo damer sit i ein grøn institusjonssofa. Pulverkaffikoppane står halvtomme framom oss. Heilt overraskande og utan forvarsel (førevarsling? eller berre varsling? – Her kjem både norsklæraren og sogningen til kort) dreier samtalen inn på digital studieteknikk. Eg har gjort meg nokre tankar i det siste om at dei digitale verktya endeleg har begynt å bli ein naturleg del av planlegginga og gjennomføringa av undervisning. Det er ikkje lenger slik at eg tenker «no skal eg lære elevane mine eit verkty, då blir dei sikkert takksame/glade/forvirra/sure». I staden har eg fått tankane tilbake på innhaldet, målet med det dei skal lære, og så får verktya og arbeidsmetodane kome i andre rekke.

Dagens time, nemleg: hovudfokus var oppstart av nytt tema. I og med at vi allereie har prøvd nokre ulike tenester, går det raskare om eg vil nytte noko av det i timen. Det høyrer med til historia at a) før desse to timane satt dei og skreiv eller las i ein time, eg har tre på rappen, b) tre ferske studentar var med for å observere eitt eller anna, eg fekk ikkje vite kva, og måtte helgardere med å gjere ganske mange ulike ting og ikkje la elevane sitte for lenge med sitt og c) eg er no slett ikkje så sikker på at det var ein spesielt vellukka time, det gjekk litt trått i nokre parti.

Om eg likevel skal plukke frå kvarandre momenta frå timen, ser det slik ut:

1. Undersøking på LMS: kva veit elevane om temaet «global challenges»? Dei skreiv nokre svar, og vi såg på dei etterpå. Her kom det no både det eine og det andre.

2. Skriving på papir for alle unntatt 2 elevar, som får i oppdrag å skrive referatet på samskrive.ndla.no. Dette referatet legg vi ut til dei elevane som har skriveøkt i dag, som eit word-dokument.

3. Lesing av tekst på papir. Dette skjer individuelt. Dei skriv òg ned eigne definisjonar av ord vi har vore innom.

4. Eg går gjennom nokre ord på Smartboarden. Dei får òg kome opp og skrive ord dei har assosiert med «oil», som teksten dei las handla om.

5. BBC: kort video som viser konflikten i Ukraina. Eg har eit mål om å knytte denne særs dagsaktuelle hendinga opp mot temaet «global challenges» og spesielt då til dette med olje/gass/ressursar. Elevane må notere ned stikkord frå det dei ser. Eg forsøker å tegne EU – Ukraina – Russia på tavla.

6. Tekst frå CNN: «Ukraine protests – 5 things you need to know» med mine highlights som eg har laga på Diigo.com (de kan sjå han her, etter at eg har valt «get annotated link, som er ei direktelenke til akkurat min versjon av teksten)

7. Oppretting av Scoop.it. Etter avtale skal elevane lage ei liste med tekstar/videoar som dei finn på nett, knytt til temaet vi jobbar med, og så kan dei ha ei fritidsliste. Ein får berre ha to lister gratis på denne plattformen.

I dag var det altså Diigo.com som fanga kollegaens interesse:

– Kva har du gjort, sa du?

– Nei, eg brukte Diigo, der du kan gule ut ord og lagre det etterpå

– Lagre? Kva? Ja, men det kan jo eg ha nytte av når eg studerer!

Til no har ho berre printa ut alle artiklane, og det er eigentleg synd med tanke på at fleire og fleire fag legg meir ut på nett. No kan ho lage ein konto på Diigo.com (ho gler seg! Armane over hovudet!), markere og legge inn kommentarar i tekstane sine og lagre dei der. Medstudentane kan òg få sjå highligtsene eller utgulingane hennar.

Utgulingane! For eit ord. Har du prøvd utgulingar på Diigo?

Følg meg gjerne der òg:  https://www.diigo.com/user/hernesvold

Advertisements
 

Stikkord: , , , ,

3 Svar til “Digital studieteknikk: samtale om Diigo med ein kollega.

  1. digitalelena

    26. februar 2014 at 16:01

    Reblogged this on Lenas (snart) digitale klasserom and commented:
    Slo av ein prat med lektor Hernesvold i går om bruk av ulke digitale verktøy i undervisninga. Noko som slett ikkje er uvanleg forresten. Gjerne i den alt for kjekke sofagruppa rett utanfor arbeidsplassen min. Dagens tema var Diigo og utguling i digitale artiklar – som var heilt nytt for meg! Superbloggar som ho er så tok ho like gjerne og blogga mens me snakka, og her kan de lese litt om korleis praten gjekk føre seg:

     
  2. digitalelena

    28. februar 2014 at 22:43

    Check it out: Diigo at the top of the list for excellent social bookmarking tools for teachers 😉 http://www.educatorstechnology.com/2014/02/10-excellent-social-bookmarking-tools.html

     
  3. mariangf

    1. mars 2014 at 08:08

    Reblogged this on Mariannes Undringslaboratorium and commented:
    diigo.com … interessant

     

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

 
[Ragnspill]

Én blogg, én gamer, mange unyttige tanker

En rektors bekjennelser

Refleksjoner om skole og utdanning

Den digitale krukka

digitale hjelpemiddel i arbeid med elevar med store hjelpebehov

Digital profesjonsutvikling i engelskfaget

Praksiseksempler og refleksjoner

SPOTLIGHT

Undervisningstips jeg vil ta vare på

jutedal

Oss i mellom, relasjoner og holdninger til hverandre

Using Civilization IV for Learning

Our experiences using the Civilization IV computer game to teach English, Norwegian and Social Science.

Connected Teaching and Learning

Education, lesson plans, technology

Thinking Out Loud

exploring connected learning

Magnushs's Blog

Jeg skal bare si én ting, også lover jeg å holde kjeft. Ok?

Lena's (soon to be) digital classroom

A teacher/student's path towards digital competence in English

NPL-systrene

Det er viktig å satsa litt

annkir

Hvordan bli smartere med smart læring

mylifeasacynicalteacher

Some of thoughts on Education and the vagaries of politicians and managers.

skulebloggen

mine tankar om skule og framtid

Lektorthomas

Realfagsundervisning og digitale tjenester

En høyskolelærers bekjennelser

Tor Haugnes betraktninger og gjøremål i bestrebelsene med å inspirere flest mulig studenter til å tilegne seg kunnskap om dagens samfunn!

%d bloggers like this: