RSS

«Det halvdigitale klasserommet»

04 Feb

I dag har eg vore så heldig å få snakke foran norskstudentane på PLU (NTNU Dragvoll). Eg trudde kanskje det var eit lite seminar for 10 studentar, men der satt minst førti stykk og eg fekk liksom berre ordet. Ikkje noko anna å gjere enn å ta det! Vonar dei fekk noko praktisk nytte av det eg sa, sjølv om det slår meg at eg ikkje hadde førebudd verken duppedingsar eller interaktivt innhald. Eg var forresten litt overraska over kor mange som noterte på papir. Kanskje nordistane er konservative? Det er jo ikkje kven som helst som vel å bruke studietida si på Ibsen, Vesaas og norsk grammatikk.

Hadde eg nokre poeng, tru? Jo: – bli digital. Øv på arbeidsformer. Ikkje prøv alt på ein gong, men bruk t.d. samskriving eller blogging over ein periode på minst nokre veker. Ein kan godt styre aktivitetane ganske mykje. Lag nettverk. Prøv.

Eg viste fram ei liste over ulike digitale aktivitetar ein kan gjere, delt etter innafor og utafor LMS-en (It’s Learning).

Innafor LMS:
Prøver (innlevering av tekst, særs vanleg)
Testar – avkrysning, faktasjekk, lekser (mindre brukt)
Videoar frå Youtube (evt som ein har laga sjølv)
Undersøkingar – sjå mange svar samtidig og bruk i diskusjonar
Lenker til anna innhald
Lydfiler til t.d. innlesing av ting ein ikkje har på lyd, eller instruksjonar

Utafor LMS:
Google Drive til samskriving (referat, analyser, tenketekstar, gruppearbeid – elevstyrt eller meir lærarstyrt)

Scoop.it – si eiga samling artiklar og anna stoff som ein «kurerer»
Kahoot.it – til artig quiz
Blogging – til å gi teksten eit føremål, lesarar, – respondere på tekstar, øve på språk (nynorsk!)
Tankekartprogram, sortere idear og dele dei etterpå.
Todaysmeet.com – til for klassechat, deling av lenker
Smartboard…

No vonar eg sjølvsagt eg har fått nokre nye lesarar av bloggen min; de finn vel sjølv fram til det stoffet som er mest norskfagleg her, som tips til blogging osb. Kanskje får eg sjølv høyre om spanande prosjekt de har i praksis? Det er alltid kjekt å få nye idear til korleis ein kan nytte det digitale til praktisk, målretta arbeid i klasserommet.

Så må de ikkje gløyme verken handskrift, høgtlesing, stillelesing, samtalar og alt det andre som norskfaget òg rommar. Lukke til i praksis!

PS: Eg hadde ei akutt kjense av å vere student att då eg sprang – verkeleg SPRANG – for å nå bussen på veg heim.

 

 

Advertisements
 
Legg igjen en kommentar

Skrevet av den 4. februar 2014 i norsk

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

 
[Ragnspill]

Én blogg, én gamer, mange unyttige tanker

En rektors bekjennelser

Refleksjoner om skole og utdanning

Den digitale krukka

digitale hjelpemiddel i arbeid med elevar med store hjelpebehov

Digital profesjonsutvikling i engelskfaget

Praksiseksempler og refleksjoner

SPOTLIGHT

Undervisningstips jeg vil ta vare på

jutedal

Oss i mellom, relasjoner og holdninger til hverandre

Using Civilization IV for Learning

Our experiences using the Civilization IV computer game to teach English, Norwegian and Social Science.

Connected Teaching and Learning

Education, lesson plans, technology

Thinking Out Loud

exploring connected learning

Magnushs's Blog

Jeg skal bare si én ting, også lover jeg å holde kjeft. Ok?

Lena's (soon to be) digital classroom

A teacher/student's path towards digital competence in English

NPL-systrene

Det er viktig å satsa litt

annkir

Hvordan bli smartere med smart læring

mylifeasacynicalteacher

Some of thoughts on Education and the vagaries of politicians and managers.

skulebloggen

mine tankar om skule og framtid

Lektorthomas

Realfagsundervisning og digitale tjenester

En høyskolelærers bekjennelser

Tor Haugnes betraktninger og gjøremål i bestrebelsene med å inspirere flest mulig studenter til å tilegne seg kunnskap om dagens samfunn!

%d bloggers like this: