RSS

Tekstar med lesarar; om bloggskriving som «prøve»

24 Jan

I nokre veker no har vi jobba med å skrive på blogg om reint norskfaglege tema. Ei oppgåve var rett nok å skrive om korleis dei opplevde å lese språkhistorie før kaffikopp nr 2, men elles har vi halde det innafor temmeleg saklege rammer. Vi har øvd litt på dette med å gi stoffet ei vinkling, på å finne og lenke opp til aktuelt stoff, og det å gi respons til andre.

PRAKTISK GJENNOMFØRING:

No var det altså på tide å teste ut dette som prøveform. Elevane fekk velje mellom eit par oppgåver, og dei fekk bruke både nett og bøker undervegs. Halve klassa hadde språkdebatt medan dei andre skreiv, og så bytta vi om, difor måtte eg lage 4 ulike oppgåver (sjå nederst her, i blått).

ELEVANE MINE

«Ska vi ta fram bloggen igjæn no?» Elevane mine er tolmodige sjeler. Eg skal ikke seie at alle er like flittige, eller ivrige, men dei toler at eg gjør alt mogleg og klagar eigentleg aldri. Ikkje for det – dei får lov til å seie frå om det er noko dei ikkje er nøgd med, men eg trur dei ser at eg er villig til å løyse dei fleste problema dei måtte ha. I arbeidet med bloggskriving har 3 elevar valt å ha lukka blogg (men opna opp for dei som skulle kommentere), medan alle dei andre har latt bloggen vere open for omverda. Dette er ein del av tilpassinga ein kanskje må gjere. Eit par elevar skriv heilt for seg sjølv i staden for å vere i par.

KVA GJER BLOGGSKRIVINGA MED TEKSTANE

«Ein må ha truverdege kjelder.  Det er også litt stressande og skummelt at alle kan sjå kva du skriv» seier ein elev. Det er sjølvsagt sant. Kva passar det eigentleg å lenke opp til frå teksten sin? Kva er aktuelt? Til dømes fann ei ut at det passa å lenke opp til definisjonar på Store norske leksikon, slik eg sjølv har gjort nokre gonger. Både Språkrådet og Wikipedia er òg nytta. Og ikkje minst andre elevar sine bloggar! Ei jente lo høgt og godt då ho oppdaga at dei kunne gjere nettopp det; eg trur det å anerkjenne kvarandre som skrivarar faktisk er ganske viktig.

«Artig å skrive for andre – ikkje ein tørr fagtekst», sa ein. Elevane kan skrive tekstar i mange år før dei faktisk skal vise dei fram til andre enn læraren. Og læraren er jo ikkje ein veldig spanande lesar. Men tenk – no var det faktisk ikkje lov til å pirke i rettskrivinga til kvarandre. Dei måtte heller meine noko. Dei er dessutan veldig snille med kvarandre og gir mykje skryt, veit å finne det positive.

«Det var positivt at ein kan linke til nettsteder som utdyper det du velger å ikkje fokusere på, eller du kan bruke informasjonen som står på nettsidene på ein lovlig og enkel måte. Det er også greit å få litt trening i å kommentere andre sine tekstar». Dette var intensjonen! Men elevane har samstundes eit kritisk blikk på både blogginga og seg sjølv: «Det kan være lett å gjengi kjeldene og bli litt frista til å besøke andre nettstader».

TEKSTANE

Eg har ikkje tenkt å klistre inn heile tekstar eller kommentarar her, men vil berre gi eit glimt (som svar på oppgåve 3 – nynorsk som hovudskriftspråk). Eleven hadde først skrive ein del om jamstillingsvedtaket og språksituasjonen i dag:

«Tiltak som må til for å innfrie dette ønsket er rett og slett at alt som kan ses høyres eller skrivast MÅ nynorskifiserast» – skreiv ei på bloggen sin. Ho fekk svar: «det går jo ikkje an å berre ta bort bokmålen når det er det heile landet kan!».

VURDERINGA

Vurderinga her vil ta noko meir tid enn ved eit vanleg kortsvar (noko å gjere i sommarferien, kanskje??).  Eg vil sjå på språkføring, innhald (relevant bruk av språkhistorisk stoff) og tekstkompetanse/sjanger (blogginnlegg og kommentar). Det er mogleg at eit slikt arbeid passar betre på vg1 eller vg2, fordi eksamen er lengre unna, men på same tid ser eg at det er fint med vaksne, trygge elevar til dette arbeidet. Dei kjenner både meg og kvarandre. Omverda rykker stadig nærmare, dei skal ut og vekk og inn i eit studieliv og arbeidsliv som mest truleg vil eksponere dei mykje meir enn dette.

Det har vore eit mål for meg at vi fokuserer på skriveutviklinga i dette arbeidet framfor sluttproduktet. Det betyr til dømes at eg ikkje nektar å hjelpe dei om dei står fast undervegs. Dei veit òg at vi skal ha to andre sidemålstekstar før standpunkt, slik at dei ikkje treng å stresse om dei bommar litt her – tvert imot er det eit fint høve til å prøve noko nytt. Sjølv om eg ikkje syns eg kjem utanom karakterar (eg har trass alt eit dokumentasjonskrav på meg), lar eg meg inspirere av Bjørn Helge Græsli som jobbar for mindre karakterfokus – det kan du lese om på bloggen hans.

OPPGÅVENE DEI FEKK

1. Om valfridom i rettskrivinga. Skriv eit blogginnlegg (250-300 ord) der du drøftar valfridom i rettskrivinga (du kan velje å fokusere på anten bokmål eller nynorsk, dersom det er best). Vis til aktuelle språkreformer.

2. Samnorsk: Skriv eit blogginnlegg (250-300 ord) der du argumenterer for at Språkrådet må ta opp
att arbeidet med å føre saman bokmål og nynorsk i framtida. Bruk språkhistoriske og evt. politiske argument.

3.Nynorsk som hovudspråk: Skriv eit blogginnlegg (250-300 ord) der du argumenterer for at nynorsken må bli hovudskriftpråket i Noreg. Bruk språkhistoriske/politiske argument som t.d. jamstillingsvedtaket. Skisser nokre tiltak for å nå dette målet.

4. Overskrifter. Skriv eit blogginnlegg (25-300 ord) med ei av desse overskriftene (bruk språkhistorisk stoff i argumenta):

«Sidemålsstilen som nasjonalt kjenneteikn»

«Gravøl for samnorsken» 

For alle oppgåvene:

+ finn og bruk ei nettside, ein blogg eller liknande som du lenker opp til frå bloggen din.

+ legg att minst ein kommentar på bloggen til ein medelev (denne kommentaren vil vere med i vurderinga)

Advertisements
 

Stikkord: , , ,

2 Svar til “Tekstar med lesarar; om bloggskriving som «prøve»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

 
[Ragnspill]

Én blogg, én gamer, mange unyttige tanker

En rektors bekjennelser

Refleksjoner om skole og utdanning

Den digitale krukka

digitale hjelpemiddel i arbeid med elevar med store hjelpebehov

Digital profesjonsutvikling i engelskfaget

Praksiseksempler og refleksjoner

SPOTLIGHT

Undervisningstips jeg vil ta vare på

holyvolt

Oss i mellom, relasjoner og holdninger til hverandre

Using Civilization IV for Learning

Our experiences using the Civilization IV computer game to teach English, Norwegian and Social Science.

Connected Teaching and Learning

Education, lesson plans, technology

Thinking Out Loud

exploring connected learning

Magnushs's Blog

Jeg skal bare si én ting, også lover jeg å holde kjeft. Ok?

Lena's (soon to be) digital classroom

A teacher/student's path towards digital competence in English

NPL-systrene

Det er viktig å satsa litt

annkir

Hvordan bli smartere med smart læring

mylifeasacynicalteacher

Some of thoughts on Education and the vagaries of politicians and managers.

skulebloggen

mine tankar om skule og framtid

Lektorthomas

Realfagsundervisning og digitale tjenester

En høyskolelærers bekjennelser

Tor Haugnes betraktninger og gjøremål i bestrebelsene med å inspirere flest mulig studenter til å tilegne seg kunnskap om dagens samfunn!

%d bloggers like this: