RSS

Om tvangslesing før morgongry [SUKK]

13 Jan

Tyholttårnet. Bilete frå Adressa.no 11. januar 2014 (Lars Ginsås)

Eg skal ikkje nekte for at det var eit aldri så lite behov for hevn, kollektiv hevn for manglande lekser (som vi pedagogar har lært at vi ikkje må bruke!!), då eg sette elevane mine til å lese om rettskrivingsreformer på 1900-talet tidleg mandag morgon, før januarsola hadde fått feste på Tyholttårn-veggen, før gradestokken var krope over 13 speik, før kaffikopp nummer to. Og kva morosamt er det eigentleg å seie om rettskrivingsreformene på 1900-talet. No har de som har lese bloggen min ei stund allereie skjønt at eg ikkje har von om å bli underhaldningsmaskin. Men likevel. Kanskje finst det grenser.

I eit augneblink av medynk lar eg i det minste elevane mine få skrive om korleis dei opplever denne morgonstunda med samnorsk, klammeformer og sideformer – på bloggen sin. Eg har saksa ut nokre fine døme. La deg ikkje bry med skrivefeil her og der, her er det ekte skriveglede som gjeld:

Då læraren fortel at vi skal lese 30 sidar om norsk språkhistorie på 1900-talet, går det eit felles sukk i klasserommet. Eg blar opp på sida vi skal starte på, og kjennar at dette ikkje er ein spesielt god start på uka. Dei fyrste sidane handlar om korleis riksmålet blir til. Fornorsking, samnorsk, obligatoriske eller påbodne formar, læreboknormalen og klemmeformar er ord som gjer dagen endå mindre motiverande.

Mens eg dagdrøymar om å sove i den varme senga mi igjen, må eg gjere mitt aller beste for å truge meg gjennom det alt for lange kapittelet om Noreg på 1800- og 1900-talet

Det å starte dagen med å lese nynorsk… Eg veit ikkje heilt ka eg synest om det (…) Eg klarte på ein eller anna måte òg å få med meg at ulike reformar blei innført for å få folk til å kanskje snakka annleis. Nokon reformar var frivillige, medan andre ikkje. Nokon reformar var berre tillatne for elevar i skriftleg arbeid. Dei formene vart kalla klammeformer. Klammaformene vart oppført i klammer i ordlistene.

Advertisements
 

Stikkord: ,

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

 
[Ragnspill]

Én blogg, én gamer, mange unyttige tanker

EN REKTORS BEKJENNELSER

Refleksjoner om skole og utdanning

Den digitale krukka

digitale hjelpemiddel i arbeid med elevar med store hjelpebehov

Digital profesjonsutvikling i engelskfaget

Praksiseksempler og refleksjoner

SPOTLIGHT

Undervisningstips jeg vil ta vare på

holyvolt

Oss i mellom, relasjoner og holdninger til hverandre

Using Civilization IV for Learning

Our experiences using the Civilization IV computer game to teach English, Norwegian and Social Science.

Connected Teaching and Learning

Education, lesson plans, technology

Thinking Out Loud

exploring connected learning

Magnushs's Blog

Jeg skal bare si én ting, også lover jeg å holde kjeft. Ok?

Lena's (soon to be) digital classroom

A teacher/student's path towards digital competence in English

NPL-systrene

Det er viktig å satsa litt

annkir

Hvordan bli smartere med smart læring

mylifeasacynicalteacher

Some of thoughts on Education and the vagaries of politicians and managers.

skulebloggen

mine tankar om skule og framtid

Lektorthomas

Realfagsundervisning og digitale tjenester

En høyskolelærers bekjennelser

Tor Haugnes betraktninger og gjøremål i bestrebelsene med å inspirere flest mulig studenter til å tilegne seg kunnskap om dagens samfunn!

%d bloggers like this: